Litt om innramming

Passepartout

Passepartout er den tykke kartongen som rammar inn biletflata før sjølve ramma kjem på. Dens oppgåve er å danne ein estetisk avslutning rundt bilete samstundes som den skapar luft mellom glas og bilet (nokre bilet kan ta skade av å ligge tett på glaset).

Det meste av papir blir laga av trefiber som inneheld harpikser og eit stoff som heiter lignin. Det er disse stoffene som gjer at papir gulner og blir sprøtt. Kvalitetspapir er laga av kjemisk rensa papirmasse med høg PH verdi.

Ikkje før på 1980 talet kan me tale om ei full omstilling av produksjonsprosessen av kvalitetspapir, der man gjekk over til syrenøytrale limtyper.

Har du passepartout med tregul farge i skjeringa vil den skade kunstverket og bør byttast.

Syrefri passepartout og bakplate er ein forutsetning for ei bevarande innramming.

 

Glas

Glas beskytter bilet mot støv og luftforureiningar, men og mot ljos som er papirets hovedfiende.

Mattglas (også kalla refleksfritt glas) har tidligare blitt mykje bruka til innramming av kunst. Det er i dag rekna som eit dårleg alternativ avdi det reduserer både fargar og skarphet i bilete.

Vanleg biletglas (float glas) blir mest bruka og framstår som klart og blankt. Ulempa er at det fangar opp refleksar som forstyrrer biletopplevelsen samstundes som det gjev liten beskyttelse mot UV strålar.

True Vue ART glas er eit nytt og populært kunstglas som har 78% UV sperre  samstundes som det reduserer 95% av refleksen utan å forstyrre fargar og skarphet,

Det fins også andre typer glas med opptil 98% UV sperre.

Med rett val av glas får du best opplevelse og bevaring av din kunst.

 

Rammer

En gylden regel er at ramma skal utfylle og framheve bilete utan å trekke merksemda frå det.

Feil ramme kan øydelegge opplevelsen av eit kunstverk medan den rette ramma kan sette det heile i eit mykje betre og heilskapleg ljos.

Gallri Brøløs har som mål å hjelpe kundane til eit godt rammevalg både for bilete og dens eigar. 

Med over 30 års erfaring og oppdateringar gjennom bransjens kurstilbod har me det grunnlag som skal til for å kunne handsame din kunst på eit profesjonelt vis.

 

Galleri Brøløs Tlf 35078711